<img height="1" width="1" style="display:none" src="https://www.facebook.com/tr?id=615923385674774&amp;ev=PageView&amp;noscript=1">

Forvaltar kulturlandskap med Nofence kring halsen

Eit landskap å ta vare på

I Trollheimens sørlege skjørtekant ligg Klevgardan; ei rad brattlendte bruk med små teigar og solbrende bygningar i tradisjonell stil. Den høge postkortfaktoren er eit resultat av mange generasjonars arbeid, men framtida til dette landskapet avheng av at nokon ønskar å drive det vidare.

Heftig hellingsgrad til tross – på garden Sæter er det framtidsoptimisme og vigør. Husbond Arnvid Watne Sæther (47) er midt i andreslåtten og bygging av nytt fjøs når vi møter han, og oppe i lia går ammekyrne hans med nye Nofenceklavar. Sjølv om han aldri har vore i tvil om at han vil bu og drive her, så gjer eigna maskineri og teknologi det lettare å drive garden enn nokonsinne.

 

IoT Cows roaming in nature

Sida trønder på oppdrag

Ammekubesetninga til Arnvid og Anne Stine Mathisen tel 45 dyr med smått og stort. På denne tida av året brukar buskapen å vere langt til fjells, men sommaren i år blir annleis. No skal dyra i staden vere landskapspleiarar i den sørvende lia her og sørge for å stagge attgroing.

I 2018 fekk nemleg området status som Utvald Kulturlandskap (UKL) i Sør-Trøndelag. Statusen medfører eit ekstra fokus på å hindre attgroing, og Nofence har blitt eit godt arbeidsreidskap i så måte. Klavane passar perfekt til det oppdraget han ønskar å få utført - dei virtuelle grensene gjev stor fleksibilitet jamfør eit konvensjonelt gjerde, og dyra kan flyttast fram og tilbake oppe i lia alt etter som. Det representerer ei stor endring frå tidlegare, da gjerdemateriell vart køyrt opp med scooter vinters tid og rulla nedetter liene når våren kom.

Arnvid er godt nøgd med klavane – han skulle helst hatt fleire. Batterikapasiteten har ligge høgt sidan oppstart, og ein gjennomgang av klavane viser at så godt som alle har fullt batteri ein og ein halv månad etter oppstart.

Finner du ikke det du leter etter?

Fortell oss hva du vil lese om.